reiereier

fridom uhuru freiheit libertad freedom

>Noreg – eit travelt land 2 juni 2010

Arkivert under: Oppsummering,Scripture Mission,Twins — reiereier @ 11:38

>

Familien Indrebø er altså på plass i Noreg att, og denne gongen ser det ut til å kunna bli for ei god stund. Dei siste vekene i Arusha gjekk fort, med pakking, avskjedar og ei siste vitjing frå Noreg. Då vart det også høve til å ta ein rundtur nedom Mbulu, og bilete frå den turen finn du no i fotoalbumet vårt.

No skal me ikkje attende til det fagre landet i sør i alle fall dei første fire åra. I mellomtida kan du fylgja med på det som skjer i Arusha både på bloggen til Familien Malmin og på www.scripture-mission.com. No er det også klart kven det er som tek over stafettpinnen etter oss: Margunn og Kristoffer Krohn Sævre har sagt ja til å vera NLM sine utsendingar til Arusha dei neste fire åra. Betre folk til den oppgåva trur eg knapt ein kunne finna.

Sjølv om me allereie har vore to og ei halv veke i fedrelandet, har ikkje det store saknet etter Afrika meldt seg førebels. Slikt er det nemleg ikkje tid til. For det første har me ikkje med oss korkje barnepike eller hushjelp hit til Europa, og med eitt ser me tydeleg kor mykje dei har avlasta oss dei siste månadene. For det andre har det vore mykje som skulle ordnast; ny bil, planlegging av husbygging, folk som skal sjåast, diverse innkjøp og utpakking. Det er liksom heile tida noko som skal gjerast. Alltid nokon som me burde helst på. Eit eller anna selskap. Ein eller annan sjuk unge.

Apropos det siste, har me no omsider fått tid til operasjon for minstemann Tomas. Neste veke ber det til hovudstaden og Rikshospitalet for han og oss to eldste, og dei av dykk som ber, må gjerne hugsa særskilt på han onsdag og torsdag den veka.

De vil nok finna ei oppdatering her på bloggen i etterkant av det. Men deretter spørs det nok om ikkje denne bloggen blir nedlagt. Eller i alle fall sett på vent nokre år.

 

>Ekstrem oppbygging 12 desember 2009

Arkivert under: Moro,Scripture Mission — reiereier @ 6:42

>

Det var relativt enkelt å velga modell for årets peparkakehus. Bygget har i det siste vore gjenstand for omfattande ombygging, og vil difor om ikkje lenge truleg ta seg mykje betre ut i realiteten enn den søte og nybakte versjonen som for augneblinken “prydar” stova vår.

Ettersom eg framleis er ganske usikker på kor nært eg har kome originalen, vil eg her og no ikkje røpa kva dette skal forestilla, men i staden utfordra alle tidlegare gjester her på tomta: Kva bygg er dette?

 

>Habari za Arusha 22 november 2009

Arkivert under: Media,Scripture Mission,Tanzania — reiereier @ 5:48

>

 

>Dagens helt 15 november 2009

Arkivert under: Dramatikk,Scripture Mission,Supermenneske — reiereier @ 6:36

>Når ein er så dum å låsa seg ute frå bilen medan det einaste settet bilnøklar framleis står i tenninga – då er det greit å kjenna til innbrytarar med profesjonell erfaring. Og dette gir meg også høve til å presentera ein særs triveleg kar, her i ferd med å gjera dagens innbrot:

Årets voluntør ved Scripture Mission, Sindre Giljebrekke, har nemleg jobba i Falken, og kan med det alle tjuvtriksa – bokstavleg tala. Takk, Sindre!

 

>Det oppgraderes 14 november 2009

Arkivert under: Scripture Mission — reiereier @ 7:00

>

Som gjestehusbestyrer er jeg plutselig blitt ansvarlig for en større oppussing på gjestehuset vårt. Tidligere har to og to rom delt på hvert sitt bad. Nå skal imidlertid hvert rom få hvert sitt bad. Dette gjøres ved at eksisterende bad blir delt i to på tvers, og inngangsdørene til de to rommene flyttes.
Jobben skal gjøres på i underkant av tre uker. Dermed er det for tiden konstant aktivitet blant fundiene (les: håndverkerne) på gjestehuset. På bildet til venstre er dagens utsikt fra rom 4, den såkalte “suiten”.

Følgende informasjon blir muligens for spesielt interesserte som kjenner gjestehuset slik det var: Over til venstre ser du restene av den gamle dusjen. Dette blir badet til rom 4, mens bildet til høyre er den nye inngangen til rom 3, en ganske annen løsning enn tidligere. Du skimter såvidt inngangen til kjøkkenet i nedre venstre hjørne av bildet.
Det siste bildet er tatt andre veien og er dermed dagens utsikt fra rom 3 – mot dørene til det nye badet (venstre) og mot stua (høyre).
Fra desember er det dermed andre tilstander på gjestehuset vårt. Velkommen til et nytt og bedre (og dyrere…) gjestehus!
 

>Nytt om nett 14 november 2009

Arkivert under: Media,Scripture Mission — reiereier @ 11:46

>

Ei av underteikna sine første oppgåver ved retur til Arusha, var å få sviv på dei nye nettsidene til Scripture Mission sitt mediearbeid. Etter mykje snekring og kun få tekniske utfordringar, er dei no “på lufta!

www.scripture-mission.com vil først og fremst innehalda til dels statisk informasjon om kva dei tre ulike Scripture Mission-stasjonane held på med, samt kontaktinformasjon. Frå tid til annan betyr det at det også kjem nyhende på desse sidene.

Nettsidene er tufta på det same blogg-systemet som denne bloggen, og er dermed gratis, brukarvennleg og oversiktleg. Me såg ikkje heilt poenget med å gjera det meir vanskeleg enn det …

Så kanskje du heller skal ta ein tur innom www.scripture-mission.com når du er på jakt etter informasjon om kva det er me held på med her på bruket?

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.