>Høyr intervju med Peri på Nytt Liv Media ved å følga denne koplinga
>Wind of change 11 februar 2010
>
Tida i Noreg var hektisk, med litt fleire besøk på sjukehuset enn me hadde tenkt oss. Dessutan var ikkje snø, McDonalds og kulde fullt så spanande som me hadde førestilt oss medan me enno var i Afrika.
Men altså: Tomas har vore på ein drøss med kontrollar på sjukehus, og i det følgjande skal me freista å forklara litt. Dersom du ikkje er så interessert i anatomien hans, er det berre å hoppa direkte eit par avsnitt lenger ned med det same.
Me har lenge visst at han har problemer med nyrene, men meldingane har så langt gått ut på at dette truleg ville ordna seg sjølv med tida. Der tok dei feil, legane. Den eine av dei tre nyrene hans fungerer såpass dårleg at guten har altfor høgt blodtrykk. Difor må han opererast innan eit halvt års tid. I Noreg, i Oslo, på Rikshospitalet. I etterkant av ein slik operasjon vil det vera naudsynt med kontrollar i eit halvt års tid.
Det er desse kontrollane som gjer at me rundar av misjonærtenesta for denne gong. Eit halvt år i Noreg vil nemleg innebera at me må få oss ein stad å bu, ein bil og jobb. Dessutan vil det medføra store endringar for dei små, noko dei allereie har hatt meir enn nok av dei siste to-tre åra. Difor slår me oss til i Noreg for lengre tid denne gongen.
Så no er det mykje som må gjerast. Ikkje berre må me runda av arbeidet her ute. Me må også finna noko å få ei inntekt frå når me landar i Noreg. Det sistnemnde vert særs naudsynt i og med at me i løpet av den korte turen til Noreg fekk kjøpt oss tomt nr 26 på Rossåsen (Figgjo), og dermed allereie har mangedobla det lånet me allereie hadde. Sannsynlegvis startar bygging av noko oppå den vesle jordflekken i løpet av hausten. Me reknar med at pågangen av dugnadslystne vener og uvener blir stor.
>Nytt om nett 14 november 2009
>
Ei av underteikna sine første oppgåver ved retur til Arusha, var å få sviv på dei nye nettsidene til Scripture Mission sitt mediearbeid. Etter mykje snekring og kun få tekniske utfordringar, er dei no “på lufta!
www.scripture-mission.com vil først og fremst innehalda til dels statisk informasjon om kva dei tre ulike Scripture Mission-stasjonane held på med, samt kontaktinformasjon. Frå tid til annan betyr det at det også kjem nyhende på desse sidene.
Nettsidene er tufta på det same blogg-systemet som denne bloggen, og er dermed gratis, brukarvennleg og oversiktleg. Me såg ikkje heilt poenget med å gjera det meir vanskeleg enn det …
Så kanskje du heller skal ta ein tur innom www.scripture-mission.com når du er på jakt etter informasjon om kva det er me held på med her på bruket?

