reiereier

fridom uhuru freiheit libertad freedom

>Tiddelibom 7 januar 2010

Arkivert under: Dramatikk,Ironi,utendørs — reiereier @ 5:46

>

Det ser ut til at Hanna har lært seg empati, og dermed lever seg fullt og heilt inn i dei nedisa tilhøva i Noreg om dagen. Då me var på veg til butikken her om dagen, medan airconditionen i bilen kjempa med dei meir enn 30 gradene utanfor og afrikasola steika på det verste, kom det muntert frå baksetet:

Så kaldt det er, tiddelibom,
jeg kjenner det her – tiddelibom.
Jeg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og huttemegtu

 

>Eksklusiv smak 17 desember 2008

Arkivert under: Ironi,Samfunnskritikk — reiereier @ 10:27

>Mine ønsker for i år:



Canon EF 16-35mm F2.8L II USM Objektiv

Pris: 13 695,-

iPhone 3G

Pris: 7287,-



Final Cut Studio 2

Pris: 11 490,-


Apple Cinema HD Display (30-tommers flatskjerm)

Pris: 15 790,-

Mini Cooper S (Cabrio)

Pris: 421 800,-

Vonar at ein eller annan vinn i Lotto snart. Ha ei strålande materialistisk jul, alle saman
 

>I svime 23 september 2008

Arkivert under: Ironi,Twins — reiereier @ 10:36

>

Det er eg som er i svime, altså, ikkje denne karen.
Kvifor ta narkotiske stoff når ein i staden kan bli tvillingfar? For min eigen del kjennest det som om eit lågtrykk med tungt skydekke har teke oppstilling mellom øyrene mine. Om dette skuldast mangelen på søvn eller den store mengda innsniffa bæsjelukt, er eg litt usikker på. I alle tilfelle kjennest det som om kroppen og hovudet er to vidt forskjellige stader. Sjølv er eg til stades reint fysisk, men medvitet og tankane mine (innsida av hovudet mitt) veit eg ikkje heilt kor har blitt av. Det ligg i alle fall på etterskot, kanskje er det heilt ute på tur. 
Dessutan kan eg fortelje deg at tvillingfedre får mykje meir ut av døgnet enn andre. Søvn er oppskrytt. Med kortare netter blir dagane så mykje lenger og meir innhaldsrike. No skal eg innrømma at også timane i søvn er herlege, då eg drøymer om tutteflasker, gulping, skriking og bleieskift.
Livet er herleg, folkens.
Eg trur for øvrig snart at denne bloggen bør døypast om til Babybloggen.
 

>Journalistikkens 10 bud 16 september 2008

Arkivert under: Ironi — reiereier @ 7:16

>

Faksimile frå DagenMagazinet 15.09.08

Det er ikkje utan grunn at avisa DagenMagazinet har blitt kjend for sitt høge kvalitetsnivå. Avisfolket der må vel reknast som sjølve inkarnasjonen av godt journalistisk handtverk, og bladet har difor havna heilt på topp mellom avisene eg les. 


Oppslaget i gårsdagens avis om dei 10 boda må vera eit godt døme på dette; Illustrasjonsbiletet i avisa er sjølvsagt brukt i samråd med dei det er teke bilete av, og er dermed heilt i tråd med eit par-tre punkt i Vær Varsom-plakaten, presseetikkens eigne “10 bod”. 

4.10 Vær varsom med bruk av bilder i annen sammenheng enn den opprinnelige.
 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.