reiereier

fridom uhuru freiheit libertad freedom

>Dei siste tider 28 mars 2010

Arkivert under: Hus og heim,Oppsummering — reiereier @ 6:26

>

Livet i Arusha har vore hektisk etter at me kom frå Noreg tidleg i februar.I hovudsak skuldast dette sjukdom. Nei, Inger Line er framleis ikkje gravid, men dei små ho fekk førre gong har sørga for at minst ein av oss har vore sjuk det meste av tida – og til tider alle på ein gong. Av det som har vore innomhus kan nemnast giardiaparasittar, øyrebetennelse, halsbetennelse, mage- og tarmvirus, barnemark og virus i luftvegane, i tillegg til ei rekke forkjølingar og nye tenner. Men dei siste dagane har livet vore aldeles herleg – med tre friske ungar og opplagde foreldre. Vonaleg held det fram slik endå halvannan månad til.

Exit Tanzania
Me har no einvegsbillett på fly til Noreg den 14. mai, saman med mamma og pappa Eggebø som då returnerer etter tre veker i det fagre landet. Me andre vil då ha greidd å runda ni månader i denne omgang.

Det meste har lagt seg skremmande godt til rettes før landing i Noreg denne gongen og – me har fått oss mellombels bustad medan bygginga pågår og Knut har fått seg jobb. Det einaste som manglar er ein relativt stor bil til ein overkomeleg pris og kvelds/helgejobb for Inger Line. Veit du om noko? Ta kontakt!

For siste gong – for denne gong
Inntil vidare tek me livet me ro. Hanna leikar vidare med både norske og Tanzanianske naboar, medan Andreas og Tomas har sett i gang ei rivande utvikling på snakke- og gåfronten så fort dei vart friske.

For oss vaksne er det no mykje som skal gjerast innan me reiser herifrå, både på kontoret og heimefronten. Sjølv om ei ny bok vil koma frå trykkeriet like over påske, skal nye omsetjingar setjast i gang. Og sjølv om gjestehuset no er ferdig oppussa, er det framleis mange småting som skal på plass før det er heilt hundre. Me skal pakka kring tre kubikkmeter bagasje som skal gå med konteiner frå Nairobi, i tillegg til 10 koffertar som skal sendast med folk på fly nordover. Me skal samstundes freista å nyta varmen og afrikalivet til fulle medan me framleis er her, og før me må ta til med avskjedar og alle andre slike småtriste «for-siste-gong-på-ei-god-stund»-ting.

Peri tek knekken på avocadotreet vårt, medan Hanna er i full gang med tønne-pakking.



Life must go on
Ikkje minst skal me freista å leggja alt best mogleg til rettes for dei som skal ta over etter oss. Det ser nemleg ut som om me får særs dugelege erstattarar, så akkurat den saka tek me med knusande ro. Dei gode naboane våre i familien Malmin blir også verande endå eit år, i tillegg til den trufaste nasjonale staben med Joakim og Melania i spissen.

 

>TV-slaver 21 mars 2010

Arkivert under: Hus og heim,Twins — reiereier @ 10:25

>

 

>Klagesong eller takkerop? 1 mars 2010

Arkivert under: Dagbok,Hus og heim,Undring — reiereier @ 8:59

>

Me har det veldig godt. Det gode klimaet gjer at korkje me eller ungane treng ekstra klede når me skal ut (snarare tvert om). Me har ei god barnepike, og hushjelp som både vaskar opp og reingjer doen vår fleire gonger i veka. Utanfor er det sesong for både bananar, avocado, mandarin, mango, granateple, tomatar og pasjonsfrukt. Ein av Hanna sine nye hobbyar er å laga ferskpressa juice av sistnemde, noko me som er litt større ikkje takkar nei til. 
Me har eit meiningsfullt arbeid der me tydeleg kan sjå resultata av det me held på med. Og det er massevis av folk som ber for oss kvar dag, noko me ofte kan merka.
Likevel: Me er slitne. Som de kanskje har lest før på bloggen, skal Tomas sannsynlegvis opererast til sommaren. Det er nyleg bestemt at me uansett avsluttar perioden vår til sommaren – minst eitt år tidlegare enn planlagt. Frå hausten av skal me byggja hus, og me treng arbeid og husvære i mellomtida. 
Det er kort sagt mykje å tenkja på. 
I tillegg har me siste veka hatt tre ungar med virus og feber i kroppen, toppa med trassalder, nye tenner og ein øyrebetennelse som slo ut i full blomst i går. Me har ikkje mykje å klaga over, men me er slitne.
I dag ville hushjelpa dela nokre bibelvers med oss, frå Salme 35:
«Herre, strid mot dei som strider mot meg, og kjemp mot dei som kjempar mot meg!»
Like etter mottok Inger Line ein SMS frå ein god venn i Noreg:
«
Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» (2Mos 14,14)
Tilfeldig? Neppe.
Me gler oss i alle fall til misjonærkonferanse og mykje påfyll heile neste veke.
 

>Kjeks- og singelliv 24 januar 2010

Arkivert under: Hus og heim,Slappa,Twins,Verdt å vite — reiereier @ 9:19

>
Det er ikkje berre-berre når kone og to ungar reiser vekk i tre veker. Det vert mindre (skikkeleg) matlaging enn vanleg (les: kjeks og sjokolade), og nokre av matvarene vert difor godt vaksne før dei vert tekne ut av kjøleskåpet og kasta. Kveldane veks også, og vert fort i det lengste laget. Men hallo, det er relativt reint og ryddig her likevel – takka vere hushjelp og barnepassar, som begge held meg i øyrene. Ikkje bokstavleg tala, altså.

Andreas og eg har det fint. Sjokoladebananar er tingen.

Og kor er så dei andre? I snøen på Sviland, naturlegvis. Tomas har vore på tre kontrollar av nyrene, og det ser ikkje altfor godt ut. Fleire av ekspertane har sagt at det ser ut til å måtta bli operasjon. Kva gjer me i så tilfelle? Ein operasjon medfører hyppige kontrollar i to-tre månader i etterkant, minst. Betyr det at me må bryta opp frå Arusha endå ein gong?

Førebels må me berre ta ein dag om gongen, og leggja det i hendene på han som har betre oversikt enn nokon av oss.

 

>Eit villdyr i hagen vår 2 november 2009

Arkivert under: Hus og heim,Tanzania,utendørs — reiereier @ 2:33

>

Her står Hanna og Mari ved sida av villdyret som me fann i hagen vår i dag. Ja, for denne skilpadda er like vill som løvene nokre mil unna. Du ser huset vårt i bakgrunnen.

 

>Sånt skjer 1 november 2009

Arkivert under: Hus og heim,utendørs — reiereier @ 8:38

>Me må først få orsaka at det har vore lite misjonsstoff å snakka om på desse sidene. For at ingen skal vera i tvil: Me går på jobb kvar dag og gjer vårt beste for at folket i Tanzania skal få den litteraturen dei treng. Og det kjem meir om dette etterkvart – ikkje minst i vårt neste nyhetsbrev.

I denne omgang skal me derimot fortelja meir om kva som skjer på heimebane. Då far Indrebø var på vitjing i august, mura han opp ein ny sandkasse på utsida av huset. (Det er eit viktig poeng at denne er i murstein, ettersom termittar ville ete opp ein trekasse.) Sjølv om far bygde ferdig kassen, gjenstod likevel pussing, grunning og maling av overflata. Og ikkje minst: Me måtte jo ha sand oppi før det kunne kallast ein skikkeleg sandkasse! Siste lass vart kjørt på plass i går, og gleda var stor då Hanna kunne ta sine første spadetak i den mjuke sanden.




Men det stoggar ikkje der: Saman med det første regnet i den vesle regntida kom eit par fundiar (les: fagfolk/handverkarar) for å hjelpa oss med å laga «veg» frå kjøkkendøra vår og bort til dit bilen står + til vaskerommet. Slik vert det mindre «sorpe» under skoa og dermed mindre skit innandørs. Me er svært nøgde med resultatet.

Neste prosjekt er å få på plass endå meir plen ved kjøkkendøra + å jamna ut den me har.

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.