reiereier

fridom uhuru freiheit libertad freedom

>Då nyra forsvann 11 juni 2010

Arkivert under: Dramatikk,Twins — reiereier @ 10:35

>Tomas har no vore på Rikshospitalet i Oslo nesten ei heil veke.

Opphaldet har vore planlagd ei stund, og føremålet har vore å fjerne den eine av dei tre nyrene hans som fungerer særs dårleg. Me vonar no at han skal få eit litt lågare blodtrykk og at faren for infeksjonar skal vera minimal.

På biletet til venstre ser du småen på veg inn i ein av dei svære maskinane som vart brukt til undersøkjingar i forkant av operasjonen. Tomas tok det heile med stor ro – og sovna medan dei heile stod på.

Mamma på veg ut frå operasjonsstova torsdag, etter å ha avlevert Tomas i kirurgane sine hender. Der var han i kring fire og ein halv time, og alt gjekk etter planen.

Inngrepet skjedde med lapraskopi, også kalla kikkhullskirurgi, noko som vil seie at legane opererte gjennom to små hol i buken. Nyra vart teken ut gjennom navlen!

Her er Tomas like etter operasjonen, framleis utslått av narkosen. Du ser plasteret etter eit av “operasjonshola” like over dynekanten.

No, eit drygt døger etterpå, er han langt kvikkare, sjølv om han framleis er sengeliggjande og har eindel vondt. Vonaleg kjem det seg mykje i løpet av dei neste dagane.

Kor lenge han må bli verande på Rikshospitalet er framleis uvisst, men han kan truleg returnera til Rogaland tysdag eller onsdag neste veke.

 

>Me treng di hjelp – no! 13 april 2010

Arkivert under: Dramatikk — reiereier @ 8:35

>Det er ikkje ofte me har spurt deg om hjelp på denne måten, men i dag ser me at det er heilt naudsynt.

På veg heim frå bibelskulesamling i Pokot i nordvest-Kenya på sundag, vart bilen frå Arusha utsett for ei kraftig trafikkulukke. I bilen sat fire tilsette ved bibelskulen på Wa’ama og vår eigen Per Ove “Peri” Malmin.

I nærleiken av byen Kisii i Kenya skulle dei passera ein traktor, men traktoren la seg plutseleg over i feil felt og pressa Landcruiseren ut av vegen. Bilen rulla rundt to gonger og landa på taket. Alle fem i bilen blei frakta til sjukehus i Kisii for natta, og så vidare til Nairobi i går.

Verst gjekk det ut over rektor Zakaria Dalleli, som har fått alvorlege hovudskadar. Han har fleire brot på skallen, og det er framleis uvisst korleis behovet er for operasjon. Synet hans er også råka.

Zakaria er 44 år, har kone og tre born. Han vert skildra som “ein enorm ressurs” ved bibelskulen på Wa’ama. Han sit i midten på biletet under.

Zakaria ligg no på eit godt, men dyrt sjukehus i Nairobi. Ettersom rektoren og familien hans sjølv ikkje har pengar til å dekkja sjukehuset, og det er avgrensa kva misjonen kan gjera i slike tilfelle, må dei som i dag er med han på sjukehuset ta mange harde val. Det er behov for fleire spesialistvurderingar – som alle kostar mykje pengar – og desse vurderingane vil avgjere om det er behov for operasjon, som igjen vil kosta mykje meir. Sjølv utan operasjon vil denne behandlinga vera langt utanfor familien si økonomiske bæreevne.

Det er difor me spør deg om hjelp. Først og fremst kan du be for rektor Zakaria. Men du kan også gi pengar til Scripture Mission sitt norske kontonummer 8220 02 91146 og merka betalinga “car accident”. Dersom du set inn pengar, er det fint om du samstundes gi oss beskjed om det, slik at me så fort som mogeleg veit kva behandling me har råd til å gi Zakaria.

Me har ikkje oversikt over kor mykje det vil kosta nett no, men kan koma attende til det seinare.

Denne innsamlinga er ikkje i regi av NLM eller Scripture Mission, men skjer i forståing med både regionsstyret sin formann og stadleg representant i Aust-Afrika regionen.

 

>Wind of change 11 februar 2010

Arkivert under: Dramatikk,Media,Oppsummering,Twins — reiereier @ 4:09

>

- Misjonærperiodane blir visst berre kortare og kortare, sa ein kar spøkefullt til oss då me ufriviljug måtte reisa frå Arusha for to år sidan. Den gongen var me berre på eit mellombels Noregs-opphald, men når me til sommaren reisar til fedrelandet nok ein gong, ser det ut til at det blir den nådelause slutten på misjonærlivet i denne omgang. Det kan du lesa meir om seinare.
Aktive lesarar av denne bloggen veit allereie at Inger Line, Tomas og Hanna har vore i Noreg, medan dei andre to av oss har levd ungkarslivet til fulle i Arusha. Men de veit ikkje det følgjande:

Tida i Noreg var hektisk, med litt fleire besøk på sjukehuset enn me hadde tenkt oss. Dessutan var ikkje snø, McDonalds og kulde fullt så spanande som me hadde førestilt oss medan me enno var i Afrika.

Men altså: Tomas har vore på ein drøss med kontrollar på sjukehus, og i det følgjande skal me freista å forklara litt. Dersom du ikkje er så interessert i anatomien hans, er det berre å hoppa direkte eit par avsnitt lenger ned med det same. 

Me har lenge visst at han har problemer med nyrene, men meldingane har så langt gått ut på at dette truleg ville ordna seg sjølv med tida. Der tok dei feil, legane. Den eine av dei tre nyrene hans fungerer såpass dårleg at guten har altfor høgt blodtrykk. Difor må han opererast innan eit halvt års tid. I Noreg, i Oslo, på Rikshospitalet. I etterkant av ein slik operasjon vil det vera naudsynt med kontrollar i eit halvt års tid.

Det er desse kontrollane som gjer at me rundar av misjonærtenesta for denne gong. Eit halvt år i Noreg vil nemleg innebera at me må få oss ein stad å bu, ein bil og jobb. Dessutan vil det medføra store endringar for dei små, noko dei allereie har hatt meir enn nok av dei siste to-tre åra. Difor slår me oss til i Noreg for lengre tid denne gongen.

Så no er det mykje som må gjerast. Ikkje berre må me runda av arbeidet her ute. Me må også finna noko å få ei inntekt frå når me landar i Noreg. Det sistnemnde vert særs naudsynt i og med at me i løpet av den korte turen til Noreg fekk kjøpt oss tomt nr 26 på Rossåsen (Figgjo), og dermed allereie har mangedobla det lånet me allereie hadde. Sannsynlegvis startar bygging av noko oppå den vesle jordflekken i løpet av hausten. Me reknar med at pågangen av dugnadslystne vener og uvener blir stor.

 

>Tiddelibom 7 januar 2010

Arkivert under: Dramatikk,Ironi,utendørs — reiereier @ 5:46

>

Det ser ut til at Hanna har lært seg empati, og dermed lever seg fullt og heilt inn i dei nedisa tilhøva i Noreg om dagen. Då me var på veg til butikken her om dagen, medan airconditionen i bilen kjempa med dei meir enn 30 gradene utanfor og afrikasola steika på det verste, kom det muntert frå baksetet:

Så kaldt det er, tiddelibom,
jeg kjenner det her – tiddelibom.
Jeg kjenner det på mine tær,
tiddelibom og huttemegtu

 

>Dagens helt 15 november 2009

Arkivert under: Dramatikk,Scripture Mission,Supermenneske — reiereier @ 6:36

>Når ein er så dum å låsa seg ute frå bilen medan det einaste settet bilnøklar framleis står i tenninga – då er det greit å kjenna til innbrytarar med profesjonell erfaring. Og dette gir meg også høve til å presentera ein særs triveleg kar, her i ferd med å gjera dagens innbrot:

Årets voluntør ved Scripture Mission, Sindre Giljebrekke, har nemleg jobba i Falken, og kan med det alle tjuvtriksa – bokstavleg tala. Takk, Sindre!

 

>Med antenne 14 desember 2008

Arkivert under: Dramatikk,Twins — reiereier @ 11:06

>På foreløpig siste røntgenkontroll (urografi) måtte Tomas få veneflonen rett i skallen. Et festlig syn … Undersøkelsen viste forøvrig at rakkeren har hele tre – 3 – nyrer med urinledere.

Nå gjenstår bare renografi i januar før vi forhåpentligvis får flere svar om framdriften for nyrene hans.
For hele historien om Tomas, se www.arushanytt.com
 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.