reiereier

fridom uhuru freiheit libertad freedom

>Klagesong eller takkerop? 1 mars 2010

Arkivert under: Dagbok,Hus og heim,Undring — reiereier @ 8:59

>

Me har det veldig godt. Det gode klimaet gjer at korkje me eller ungane treng ekstra klede når me skal ut (snarare tvert om). Me har ei god barnepike, og hushjelp som både vaskar opp og reingjer doen vår fleire gonger i veka. Utanfor er det sesong for både bananar, avocado, mandarin, mango, granateple, tomatar og pasjonsfrukt. Ein av Hanna sine nye hobbyar er å laga ferskpressa juice av sistnemde, noko me som er litt større ikkje takkar nei til. 
Me har eit meiningsfullt arbeid der me tydeleg kan sjå resultata av det me held på med. Og det er massevis av folk som ber for oss kvar dag, noko me ofte kan merka.
Likevel: Me er slitne. Som de kanskje har lest før på bloggen, skal Tomas sannsynlegvis opererast til sommaren. Det er nyleg bestemt at me uansett avsluttar perioden vår til sommaren – minst eitt år tidlegare enn planlagt. Frå hausten av skal me byggja hus, og me treng arbeid og husvære i mellomtida. 
Det er kort sagt mykje å tenkja på. 
I tillegg har me siste veka hatt tre ungar med virus og feber i kroppen, toppa med trassalder, nye tenner og ein øyrebetennelse som slo ut i full blomst i går. Me har ikkje mykje å klaga over, men me er slitne.
I dag ville hushjelpa dela nokre bibelvers med oss, frå Salme 35:
«Herre, strid mot dei som strider mot meg, og kjemp mot dei som kjempar mot meg!»
Like etter mottok Inger Line ein SMS frå ein god venn i Noreg:
«
Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille.» (2Mos 14,14)
Tilfeldig? Neppe.
Me gler oss i alle fall til misjonærkonferanse og mykje påfyll heile neste veke.
 

>En kvardag i travle Norge 8 januar 2009

Arkivert under: Dagbok,Hus og heim — reiereier @ 9:51

>

Så e me snart ferdige med fysste skikkelige “kvardagsvega” siden någen av oss kom heim i februar. Knut i 108 prosent jobb, Hanna med 100 prosent barnehageplass, eg i 200 prosent heimeverande jobb, Tomas og Andreas nyte livet i 300 prosent.

I dag va det en sånnen heilt vanlige dag:
Vekkerklokkå mi ringe og eg seie at nå må me stå opp.
Vekkerklokkå mi ringe igjen og eg står opp. Prøve å vekka Knut.
Eg vekke Knut for tredje gong. “Jaaa!! JAAAAAA!” (en sure mann med sinte stemme).
Heile familien e i bilen, fem minutt itte skjema. Ikkje værst!
Me snur for me har glømt någe.
Me hyle inn på togstasjonen, Knut springe og rekke akkurat toget.
Andreas blir avlevert t onkel Tobben.
Eg og Hanna tryne på isen utenfor barnehagen. Hanna blir forlatt grinande av ei mor med tungt hjerta.
Eg og Tomas står i dørå på nukleærmedisinsk avdeling nøyaktig i tide.
Tri timar seinare, itte møje venting og 32 minutter med røntgenbildetakning, kjøre me for å henta Andreas.
Me hente Hanna i barnehagen og kjøre heim!
Knut tar toget frå Nærbø t Sandnes og buss vidare t Sola.
Finne ut at siste (og einaste??) buss t Tjelta har gått.
Jan Ove må trø t for å henta siden Tomas sove, Andreas får mat og Hanna “vaske” kler.
Knut komme heim t stor jubel.
Me ete middag.
Hanna juble øve at det endelig e fluor i hus, og vil leggast med en gong.
Tomas og Andreas får mat, skrike litt og sovne.
Eg handle mat.
Knut rydde.

Nå har freden senka seg, kone og mann e VELDIG trøtte.
Go natt!

 

>Takk for det gamla 31 desember 2008

Arkivert under: Dagbok,Lister,Oppsummering — reiereier @ 2:39

>
Endeleg – no er det ikkje lenge til me skal ta i bruk den fancy og stilfulle 2009-kunstkalenderen me fekk til jul. Før den tid er det på sin plass at også vi tek ei oppsummering av det gamle, eit år som for oss blei to timar lenger enn det som er vanleg.
(Dette året er gjennomgangen sterkt inspirert av Maria sin metode)

Årets…

Overrasking: At det var to i magen, og ikkje berre ein.
Kjipaste: Å bli forhindra frå å flytta tilbake til Tanzania, nok ein gong.
Tyngste: Siste to vekene av september, med eit snitt på 4,5 timar søvn i døgeret
Mest skuffande: Bryne FK
Mest irriterande: Syklistar i kondomdress
Drikke: Tangawizi. Ingen over, ingen ved sida.

Restaurant: Khan’s mekaniske

Kaffi: Vår eigen heimebrente
Gjensynsglede: Grovbrød med sirup
Snillaste: Foreldra våre. Har stilt opp i lassevis. Eldbjørg/Ole, Sissel/Morris, tante Liv, Jan Ove/Elisabeth og Synnøve kjem også inn her.
Mest effektive: Familien Malmin, som har gjort meir i Arusha på tre månader enn eg hadde drøymt om å få til på eit par år.
Dyraste desiliter: Då Hanna tømte vatn i dataen og hovudkortet rauk.
Finaste handskrift: Ettåring Trond i Arusha. Skulle trudd han brukte mikroskop og linjal.
Omfangsrike: Mengda med restavfall med tre bleieungar i huset.
Langdryge: Køane på skattekontoret og banken i Arusha.

Campingtur: Ut i bushen med Ove og Eivind. Ååååå…
Lovsangsdans: Hanna på UL i Kongeparken.
Flytur: Arusha-Dodoma-Haydom-Arusha nesten uten mat og drikke.
Bustad: Hmm.. Her er det mange å velge mellom. Den førebels siste her på Tjelta ligg godt an.
Kva meir burde vore med her?
 

>Det nya året 1 januar 2008

Arkivert under: Dagbok — reiereier @ 7:32

>Godt nytt år! Lese på nettet om “marerittnatten” o.l… For håpa kvelden blei bra for dei fleste av dåkk:) Feiringen her foregjekk på terrassen vår, med grilla gaselle på menyen. Me va vel 14 tilstede. Hanna sov godt gjønå heile kvelden. Afrikanarane e goe å feira, sjøl uten fyrverkeri for millionar:) Her banke dei på det dei har, rope og synge. Hærligt!

Me har hatt tri goe vege samen med mamma og pappa. Har vore møje her i Arusha, men og ei langhelg t Haydom og Marit og Leif Thingbø i Katesh. Planen vidare va Nairobi på fredag og safari i Masai Mara frå lørdag, men pga uroen i Kenya må me nok avlysa det. Så får me sjå koss me får sendt besøket heim.. Me har foreløpig forbud om å reisa inn i landet.
Du kan godt ver me å be for Kenya!

 

>Dagbok 19 september 2007

Arkivert under: Dagbok — reiereier @ 1:26

>Etter en strabasiøs tur over havet er vi hjemme i Rogaland (og Sviland!) for to uker. Brighton var helt topp, men alltid godt å komme hjem. Har hørt noen er bekymra over hvordan vi skal klare å være borte i fire år, når vi savna Norge etter noen få uker i England..:)

Nå nyter vi dagene med familie og venner, og så gleder vi oss veldig til vi lander i Kenya, og får reise videre til Tanzania.
Men det føles utrolig fjernt at vi er der om mindre enn to uker… Blanda følelser…

 

>Fysste misjonsreis 7 mai 2007

Arkivert under: Dagbok — reiereier @ 4:14

>Dvs fysste skikkelige oppdrag i misjonens tjeneste… Ei lidå vega med kurs i Plankebyen, inkludert en øveføring te Oslo kommune på nær 2600,-. Sharpening your interpersonal skills. Så nå går livet vårt så møje lettare! Både unge og eldre fekk vist fram sine bortgjømte engelskkunnskaper…

Ja, eg vett at dette e et utruligt lide spennande innlegg, men de va jo så fullstendigt på tide med en oppdatering… Åsså e dette bare et preludium t neste innlegg i mårå

 

 
Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.