Archive for desember, 2006

Det er mykje her i verda som eg ikkje forstår. Eg veit for eksempel kva prakt er, men har ikkje snøring på kva pomp betyr. Kva er brask, og kva er bram? Når ein snakkar om at nokon reiser i hui og hast – kva er hui? Ro og mak?


Kva er rett?

28Dec06

Pilifine eller filipine?


Kor i Bibelen er det det står om juletreet? Vart det skapt på andre eller tredje dagen? Og kva rolle spelte det i stallen i Betlehem for å få ei slik viktig rolle i julefeiringa vår?
Er det lenger nokon som hugsar kvifor me kvar jul betalar pengar for å få skogen inn i stova, [...]


Upopulær

20Dec06

Prøvde eit nytt prosjekt i går: Å køyre etter fartsgrensa


JuleKORT

19Dec06

I min noverande mangel på kort, var det betryggande å få eit skikkeleg julekort i posten i dag – eit kort som varer heile året og som ikkje krev pin-kode i bruk.
Takk, Ørsdalen!


Naken

18Dec06

Det er sånn det følest når du går ute blant folk utan lommebok. (Her snakkar me eigentleg korthaldar, men det går ut på det same.) Førarkort, bankkort, busskort – alt er borte vekk.
Det galnaste er vel i grunnen at dette er andre gongen på ei veke at eg har mista denne høgt verdsette gjenstanden. Då [...]