Archive for april, 2006
Kjem på besøk
Eg reknar med at alle mine fotballinteresserte vener kjem på vitjing i midten av august. Då kjem nemleg Ronaldinho også, for å spele landskamp på Ullevål. Dersom du treng overnatting, kan det tingast hjå underteikna frå 1. mai og framover. Den som kjem først til mølla, osv.
Filed under: Verdt å vite | 5 Comments
Kul på magen
Jess, der var jammen ei eg kjenner smelt på tjukka. Ho har bolle i omnen eller stær i buret om du vil, der ho er på veg og ventar småkryp. I alle fall går ho og ruger. Det kan likevel diskuterast om ho er under lukkelege omstende.
Filed under: Dramatikk | 17 Comments
Dronning Elizabeth II
Når eg no tek resten av påskeferien på Madeira, kan du kosa deg med alt du ikkje visste om Queen Elizabeth II. Enjoy.
Filed under: Moro | Leave a Comment
Fem timar på trikken
I mangel på betre gjeremål, bestemte IL og eg oss for å ta alle trikkelinjene i Oslo til endestasjonane i dag. Det blei til saman nesten fem og ein halv time på trikk, inkludert to matpausar i sentrum.
Dermed har me no fått sjå korleis det ser ut både på Ljabru, Jar, Kjelsås og Rikshospitalet.
Filed under: Dramatikk | 5 Comments