Rundlurt

22Jun07

Det er vel ikkje uvanleg å bli “lurt” av diverse reklamefilmar. Men sjeldan har eg gått så fullstendig på limpinnen som denne gongen. Og av alle ting er det bankfolk som har lurt meg…

Eg har nemleg lenge gått og venta på at filmen FireTreToEn skal koma på norske lerret. Store skodespelarar som Pia Tjelta og Nicolai Cleve Broch har lagt lista høgt der oppe. Men eg må visst framleis venta lenge før eg får sjå noko til filmen…

Filmen eksisterer ikkje.

Vi vet ikke hva som skjer.
Vi vet ikke om gutta kommer levende fra det.
Vi vet ikke hvem som kutter tauet.
Vi vet heller ikke om hun i vinduet hopper.

Vi vet ikke hva som skjer.
For dette er ingen film.
Dette er en reklamefilm. For DnB NOR.
Og vi vet ikke hva som skjer.
Akkurat som i livet.

Gå til heimesida og sjå filmtraileren/reklamefilmen her


52 dagar igjen

15Jun07

Panikken er i ferd med å ta meg fullstendig. Eg er nærast paralysert. Nei, forresten: Eg er paralysert.

Det er ikkje så veldig lenge att til familien Indrebø skal forlata Noreg for nokre år. Berre 52 dagar, faktisk.

Resultatet er ikkje manisk pakking og hektisk førebuing til utreise. Heller ei sterk uro for at eg kanskje ikkje rekk å gjere alt eg hadde tenkt å gjere før me reiser likevel. Difor er spørsmålet: Kva er viktigast å få gjort før eg reiser? Dagsturen til Kvitsøy? Møte i frimerkeklubben? Eller kanskje noko heilt anna?

Førebels sit eg berre her, med pcen i fanget og kaffien på bordet. Og undrast.


(Obs! Dette er eit tildels svært internt NLM Stavanger-innlegg. Dersom du likevel vil lese, er du hjarteleg velkomen!)

Eg har lenge vore stolt av at det er rom for mange ulike meiningar i Misjonssambandet, og det er eg framleis. Men på kretsmøtene i Stavanger krets kan likevel debatten nokre gonger bli både ufin og usakleg.

På årets møte, som gjekk av stabelen denne helga, var den største saka om det skulle vera mogeleg for kvinner å bli valde inn som medlemmer av kretsstyret. Dei fleste som tok ordet i denne saka, meinte at dette var ein feil veg å gå.

Continue reading ‘Forunderlege Stavanger Krets’


Lazy days

24May07

Til orientering: Min neste skikkelege arbeidsdag blir rundt 5. november.

Berre sånn dersom nokon skulle lura.


Lurer voldsomt på kor eg har gjort av dei brillene.


Milepæl

12May07